Eg var på Desucon. Eg var ikkje sikker på om eg skulle fara, men eg fór inn til byen. Fyrst etter at eg hadde vore der ei stund avgjorde eg at eg skulle inn. Det var ganske gøy, sjølv om eg trur det ville vore mykje betre om eg kjente nokon som var der og ikkje berre gjekk rundt for meg sjølv. Eg såg på ein framvising av kostymer, og dei beste fekk premie. Det var det beste. Etter det hadde eg vondt i hovudet, og etter kvart byrja beini mine å skjelve og eg vart kvalm, so eg vart ikkje verande heilt til det stengde. Men eg var der framleis ei stund etter kostymepremiegreione. Eg trur eg skal fara dit neste år ogso. Eg eg fekk lyst til å byrja meir med anime og manga, so det er litt meir som er interessant for meg der.