Vel, så var det litt om meg då... Alltid like moro å skrive om seg sjølv... Amiright?
Eg har vært i live i 19 glamorøse og meget spanande år, flesteparten tilbrakt frammom ein skjerm av noko slag eller med nasa nedi ei bok.
Kjem ifrå Vest-Telemark, så då skriv eg nynorsk (med innslag av dialekt), tilsynelatande til manges forargelse. Blir det for ille så må dykk helle ta det opp med meg.
Har på følelsen at eg likar mykje av det same som mange her på forumet; teikning, spel, bøkar, musikk og ellers ei endelaus liste med ting. Så kjem ikkje til å gå så mykje inn på det.
Så kjem me til furry-aspektet då... Er heilt fersk til communitien, blei introdusert no i sommar av nokre gode vener av meg som har meir erfaring i detta enn meg. Så visst eg nokon gjeng over streken så må dykk berre ta meg i øyra og filleriste meg litt. Som bilete mitt tilviser så er fursonaen min ei gaupe, forsåvidt er det også mitt fyrste forsøk på å fargelegge med tusj. Huff, ser nesten litt ut som han har Hitler-bart herifrå...
Det var vel alt som er verdt å vite om meg, blei tilogmed myyyykje meir enn det eg planla å skrive.
Alltid kosleg med folk som tar kontakt, er ikkje akuratt eit sosialt geni, men prøver hardt å vere imøtekommande! :3