Elskar bøkene. Som de seier, han er veldeg flink til å mala med orda og trollbinda lesaren. Likte òg settinga og motiva, veldeg spissfindig og interessant. Magisteriet, som han fikk litt peppar for, synast eg var veldig bra gjennomført og ein god karikatur av kirka frå verda vår. Og ikkje minst interessante tankar om både sjelar (dæmonane), engler og religion. Han har inspirert mange, det trur eg trygt ein kan seie.
Eg har sjølv lese alle tri bøkene pluss Lyra's Oxford.. ventar spent på om det skal koma ein film nummer to og ei bok nummer fire. Sjølv om fyrstefilmen var noko skuffande, var effektane og kvaliteten i seg sjølve so bra at eg tilgir filmskaparane - om dei berre kan sjå til å få laga neste film snart!